Ingen kan sei at 90 åringen Uskedal Musikklag ligg på latsida. I går gjesta gruppa Husnestunet med song- og musikkprogram, heile 16 songar/melodiar. Alt tysdag i neste veke er det nytt oppdrag med Allsong på Tiaren. Husnestunet ligg fast inne med innslag minst ein gong i halvåret. På Kafe Tiaren hjelper musikklaget til og erstattar Fire Rustne Menn på ein god måte.

Det var godt frammøte i det fine veret.

Uskedal Musikklag 90 år vart markert på Husnestunet. BJørgulv Eik, den eldste medlemen i korpset, fortalde om skipinga i 1936 og bakgrunnen for at instrumenta vart kjøpt og henta på Halsnøy.

Med Skomværsvalsen på repetoaret må den konglege skipsklokka fram. Bakgrunnen og historien er kjend for dei fleste. Ved neste høve skal Audun Eik, tidlegare gast på Stadsraad Lehmkuhl, syna korleis ein slår glass.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal