Den aktive og allsidige familien Hermann-Fossli er vane med å ha det travelt med aktivitetar på mange frontar. Likevel slår nok komande helg alle rekordar. Søndag skal tvillingane Iver og Ola konfirmerast, men før dei kjem så langt skal familien gjennom eit program som kan ta pusten frå alle andre.
Drivkrafta er nok at det innheld fantastiske opplevingar for ungdommane som få andre får oppleva, og som ein ikkje kan gå glipp av når muligheten kjem. På bildet øverst ser vi Kvinnherads travlaste konfirmant, Ola Hermann Fossli.

Ebba Hermann Fossli saman med leiaren i HUBB, Vidar Nordli, tidlegare europeisk solistmeister på trombone.

Torsdag morgon må eldstedottera, Ebba, grytidleg opp for å nå fram til Flesland for å nå avreisa til Linz i Austerrike saman med dei andre dyktige musikarane i Hordaland Ungdomsbrassband (HUBB). I Linz ventar ei storoppleving. Denne veka er det sentrum for brassbandmusikken i Europa, og søndag skal Ebba og HUBB representera Norge og delta i Ungdoms-EM for brassband. Der er korpset kvalifisert sidan dei vann fjorårets EM då korpset deltok i denne konkurransen for første gong.

Men Ebba er ikkje åleine om å vera ein dyktig musikar i familien. Fredag reiser dei to yngre søskena, Ola og Anna, til Førde i Sunnfjord. Saman med 4 andre unge kvinnheradsmusikarar er dei valt ut til å representera Kvinnherad Kommune i fylkesfinalen i Vestland i UKM med ensemblet Honk Horns. Spelinga føregår lørdag, og dei blir vel så vidt ferdig med spelinga før dei må hasta heimover mot Uskedalen, for søndag ventar den store finalen i familiehelga: konfirmasjonen til tvillingane Iver og Ola. For ei begivenhetsrik og fantastisk helg!!

Søstrene Ebba og Anna Hermann Fossli i nydeleg duett under julekonserten til Uskedal Skulemusikk.

Dette må også vera den største musikalske helga i Uskedal Skulemusikk si historie. Rett nok har dei tidlegare hatt enkeltutøvarar som har markert seg på høgt nivå. Men tenk!! Denne helga har det vesle korpset tre!! musikarar som makerer seg på dette viset. Det er eineståande!!! Dette gjev opplevingar som blir store og gode minne og erfaringar å ta med seg. Alt før dei spelar denne helga kan vi ropa: gratulerer med innsatsen. Vi ønskjer alle tre lukke til, og vi håpar dette også kan vera med å inspirera andre slik at det resulterer i ein opptur for skulemusikken. Tenk kor gøy dei har det!! Noko slikt kan ein oppnå ved å bli med i Uskedal Skulemusikk!

Og heilt til slutt gratulerer til Ola og Iver og alle dei andre konfirmantane i det strålande vårveret!!

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland.