God påmelding til Open skulestove på Haugland, torsdag i denne veka.
I regi av Frivilligsentralen vert det skipa til Open skulestove på Haugland skulemuseum, torsdag i denne veka. Det er 25 påmelde. Det er lagt inn servering av nistepakke, skulemjølk og kaffi. Grupper som kjem til Haugland vert invitert til eit dramapedagoisk opplegg gjennomført på ein time. Lærargalleriet er ein del av opplevinga.
Haugland skule ligg vakkert til på Klammeren med forsamlingshuset Vonheim som næraste nabo.
Målet med Opne hus er å skapa gode sosiale møteplassar der ein ofte legg opp til kulturelle dagsturar med naturopplevingar i lokalmiljøet. Tilbodet er som oftast gratis. Det gjeld også transport frå Husnes og frå Rosendal.
Opne hus har vore i Uskedalen ein gong før. Då var det kafebesøk på Kafe Tiaren med innlagd allsong med Rustne Menn.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto