Hjelpesendinga er levert. Fekk sjå bilane som vart leverte for to år sidan.
Tormod Myklebust i THK melder at no er hjelpesendinga levert. Saman med Leif Jarle Bergstø fekk han sjå bilane frå SKL som vart levert for to år sidan. I intervju kjem det fram sterke historiar om korleis ein lever og bur i Ukraina. Det er ein tøff kvardag for mange. Alt er tapt og mange må starta livet på nytt. Hjelpesendingane er viktige. Det er trong for alt av sko, klede, sanitærutstyr, madrasser og anna større utstyr.

Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Tormod Myklebust