Lufthamnsjefen fekk medalje for 40 års teneste. Markering med statsminister Støre.
Jan Morten Myklebust frå Uskedalen har 1. april 2026 vore tilsett i 40 år ved Stord Lufthamn. Dette vart markert med Medalje frå Norges Vel for lang og tru teneste. Statsminister Støre hadde oppdrag i Sunnhordland med mellom anna besøk på Hydro Husnes og på Helse Fonna, avd. Valen. Han la inn stopp på flyplassen og stod for den høgtidlege utdelinga.

Jan Morten Myklebust kom frå Sola flyplass til Stord. Han har vore ei sentral og drivande kraft i arbeidet med å halda oppe drifta på Sørstokken. Det har til tider vore ein krevjande jobb i medgang og motgang. No er Myklebust har også utmerka seg ved krisehandtering, særleg i høve til pårørande ved alvorlege ulukker på plassen.
Uskedalen.no sender med dette lukkeynskje. Vel blåst så langt.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Signe Kristin Hovland/Christian Myklebust