Konfirmantane med god hjelp av foreldre, soknerådet og frivillige hjelparar gjennomførte for kort tid sidan den årlege Fasteaksjonen. Tal frå kontantar og bruk av vipps syner eit resultat på kr. 24 200,-. I fjor var talet kr. 20 000,-. Målet med aksjonen i regi av Kirkens Nødhjelp er innsamling til reint vatn i fattige land. Med få konfirmantar nådde ein ikkje over heile bygda. Dess meir er dette eit framifrå resultat.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal