Eit nytt prosjekt på Stemneplassen er fullført.
Uskedal Friluftslag er i mål med eit nytt prosjekt med namnet Ny kioskvegg. Litt justering og listing står att. Ove Magne Myhre og Audun Eik er handverkarane. Kioskveggen vart målsett og tinga av Tore Nordahl-Pedersen, tidlegare glasmeister på Os. Tore døydde i januar i år. Han fekk ikkje sjå veggen ferdig og montert.

Kioskveggen, kostnadsrekna totalt til kr. 90 000,-, er produsert på Os. I den totale ramma er det rekna inn materialkostnader, produksjon, transport og montering. Kvinnheradstiftinga har ytt ei gåve på kr. 80 000,-. Montering er gjort på dugnad.
Ny kioskvegg lettar arbeidet med salg, I ramma er det sett inn fire vindaugo. To er fastmontert, to kan skyvast til side. Det også arbeidd med å få på plass ein levegg som vil ta av for vind og regn frå nord og vest.
Neste på prosjektplan er nytt amfi og tilpassa tilgang rullestolbrukarar. Prosjektet er finansiert.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal