Acoustic Edition skapte påskeglede på Vertshuset Perla langfredag.
Americana – Lågmælt country – Feelgood – Rythm’n blues – Bjørn Eidsvåg og Odd Norstoga. Variert, stor breidde og stor grad av speleglede er noko av det publikum sit att med etter ein fengjande konsert på Vertshuset Perla i går. Her er alt ekte og akustisk. Acoustic Edition spelar også eigenproduserte låtar, mellom anna laga av gitaristen Oddgeir Røssland. Utvandrarlåten Malene er lokal og høver godt året etter markering av Utvandrarjubileet. Du finn låtane på digitale plattformer.

I framføringa kjem det klart fram kva som lånt og kledd i deira eigen akustiske tonedrakt. Det viktigaste er det akustiske særpreget og at bandet leverer god musikk med humor og glede. Musikarane kommuniserer godt med publikum. Mimikken dei mellom er god.

Atle Fredheim frå Mauranger, bur i Uskedalen, er ein allsidig musikar. Han leverer på det meste som vokal, akustisk gitar, munnspel, fløyter og handtromme. Oddgeir Røssland er ein profilert gitarist i Kvinnherad. Han kan syna til aktivitet i ei rekkje band. Det siste er at han også skal medverka i Husbandet på Kulturhuset Halsnøy. Bassisten kjem frå Odda. Han trakterer både elbass og kontrabass. Trommisen, Jan Arthur Kalsaas, er kjend for dei fleste – dyktig, presis og allsidig.

Eit fullsett Verthus sette pris på tiltaket. Litt prating og summeing i bakgrunnen skjemmer alltid. Aktørane har monitor på øyra og let seg ikkje påverka av støy i salen.
Bandet består av:
Atle Fredheim – Vokal, akustisk gitar, munnspill og fløyter.
Oddgeir Røssland – Vokal, akustiske gitarer, mandolin.
Jan Arthur Kalsaas – Vokal og trommer
Halvard T. Eriksen – Vokal, bass og kontrabass
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal