Uskedal Musikklag 90 år vart markert på Rosendalstunet i dag. I tillegg til konsert og allsong fekk tilhøyrarane ei innføring i oppstarten av musikklaget med skiping 1. mars 1936. Fyrste dirigenten i laget var musikkløyntnant Johan Klette frå Rosendal. Klette ( f. 1902 ) vaks opp med korpsmusikk og spelte i Rosendal Musikklag frå han var 12 år gamal. Det var Bjørgulv Eik, den eldste medlemen i Uskedal Musikklag, som fortalde om skipinga og om instrumenta som vart kjøpte og henta på Halsnøy. ( Sjå bilete på topp )





Uskedal Musikklag i kjend positur.

Som vanleg var mykje folk samla i kantinen då musikklaget slo an tonen med vårsalmen No livnar det i lundar med tekst av Elias Blix, tone Lindemann. Så gjekk det slag i slag med vekjende songar på norsk og svensk. Blåveispiken og De nære ting av Arne P. Aasen høyrer med, melodi ved Kurt Foss og Reidar Bø.

Litt meir alvorleg vert det når ein hentar fram Jag har hørt om en stad, om han som vart borte frå heimlandet lenge og som lengtar heim. Melodien er ein russisk folketone. Med tru på framtida plar ein avslutta framføringa med La oss leve for hverandre og Bedre og bedre dag for dag.

Frammøte til Syng med oss på Rosendasltunet er som alltid godt.

Neste på programmet til Uskedal Musikklag er ei tilsvarande framføring, på Husnestunet 22. april. Deretter kjem Allsong på Kafe Tiaren, tysdag 28. april.

Loddsal høyrer med. Og vinnaren er ………….
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gunnlaug Eik/ Kristian Bringedal