Det har vore vekslande ver den siste veka. Det kan vera nokre som lurer på korleis det er med snøen og skiføre på Hauglandsfjellet og ved Mannsvatnet. Hans Ordin Østebø tok turen til Fjelly tidlegare i veka. Det var køyrbart opp til Nilsasvingen og frå Brahaugsvingen var det greitt truge/ski føre. Oppå flato var det urørt snø, berre nokre harespor å sjå.

Det har vore våt og tung snø på fjellet denne veka.

Med +4 grader ved Fjelly var snøen våt og tung. I dag tidleg med nysnø ned i lia kan det vera annleis. Isen på vatnet er ikkje trygg. Tidlegare i vinter kom det vatn oppå eksisterande is. Det har ikkje vore langvarig kuldeperiode etter det. Difor er det farleg å gå Mannsvatnet. Det er rennande vatn under brua og i osen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hans Ordin Østebø
Kjelde: Uskedal Ungdomslag - facebook