BYGGERIET opna butikk i nyoppussa lokale på Beinavikjo. Leverandørane var på plass.
BYGGERIET i Uskedalen er ein del av drifta til Kvinnherad Vekstbedrift. Her finn du alt innan byggevarer. I går vart det opna ny butikk i nyoppussa lokale. I løpet av dagen møtte mange fram og ville sjå plassen og møta leverandørane. Opninga vart markert med marsipankake og kaffi til alle.
BYGGERIET i Uskedalen har med dette fått ein sterkare profil. Det er eit godt lokalt tilbod for alle som treng byggevarer. Det er noko som heiter at “ein treng ikkje gå over bekken etter vatn”. Uskedalen har med dette eit godt og variert tilbod innan byggevarer. Ein treng ikkje reisa ut av bygda for å få tak i det meste innan bygg og vedlikehald.

Dei fire leverandørane var:
- NorDan: Vindu og dørar
- Nordsjø: Måling
- Mataki: Takplater m.m.
- DeWALT: Elektroverkty
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal