To frå Uskedalen på NM i bogeskyting. Ein kom heim med gull.
To kvinnheringar var med på NM i bogeskyting i Sandefjord i helga. Begge kjem frå Uskedalen, Terje Bakke og Håkon Guddal Tarberg. Håkon fekk gull i klassen Tradisjonell Herrer under 16 år. Terje Bakke fekk ein femteplass i sin klasse. Terje kan tidlegare syna til gode plasseringar både på nasjonalt og internasjonalt plan.
Den unge skyttaren, Håkon Guddal Tarberg, har drive med bogeskyting i tre år. Det er fyrste gongen han er med i NM. Det ligg mykje trening bak denne prestasjonen. Det vet ein del reising, mellom anna på stemne i Begensområde.
Flagget gjekk til topps på Uskedal skule måndag. Det er turleg fyrste gongen skulen kan syna til ein Noregsmeister i elevflokken. Håkon med NM gullet vart markert med kake og gratulasjonar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat Kjelde: Grenda