Konsert med Acoustic Edition på Vertshuset Perla langfredag. Ope frå kl. 15.00.
Ta med påskekyllingen og kom på ettermiddagskonsert med Acoustic Edition på Vertshuset i Uskedalen på Langfredag. Kom då dørane opnar kl. 15.00 for å sikra deg ein god plass. Atle Fredheim frå Uskedalen er med i gruppa. Dei skriv på Facebook at dei tek med låtane som Oddgeir har skrive og som er spelt inn og gitt ut på Spotify, Youtube og andre stader med strømme musikk. I tillegg dukkar det opp andre låter ein har lånt og bygd om. Inngang: kr. 100,-. Betal i inngangen, anten kontant eller på VIPPS.
Tekst/foto: Henta frå Facebook Nett: Kristian Bringedal