Uskedal Sokneråd er godt nøgd med gjennomføringa av Fasteaksjonen. Innsamlinga starta i går med Steinsletto, Eik, Feet og Døssland. Resten av bygda vart dekka i dag. Nytt er utlegging av Gullbillett. Ein av to gullbillettar vart funnen av Kristoffer Enes. ( Sjå bilete ). I tilegg til konfirmantane fekk soknerådet god hjelp av frivillige, vaksne anten med oppgåve som innsamlar eller som sjåfør.

Klar for årets Fasteaksjon.

Den årlege Fasteaksjonen i regi av Kirkens Nødhjelp går til Reint vatn i fattige land. Reint vatn reddar liv, endrar liv og gir håp. To konfirmantar tilhøyrande Kvinnherad sokn i Rosendal valde å gå i Uskedalen.

Dersom du ikkje var heime eller hadde høve til å gje ei gåve i dag, då kan du nytta VIPPS: 2426. Innbetaling på VIPPS vert registrert på postnummer. Innan kort tid vil soknerådet få liste over betaling på VIPPS.

Sekretariatet står for listeføring, utkvittering og registrering av innleverte bøsser.

I 2025 kom det inn rundt rekna kr. 20 000,- i Uskedal sokn.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal