I morgon, torsdag, opnar Byggeriet nyoppussa butikk på Beinavikjo. Den gamle butikken låg oppe på hemsen og var noko avgøymd. No er eit utvida varesortement flytta ned på golvplan. Alt er nytt, både lokalet og utstillingen. Arealet er med dette mangedobla. Det står att litt arbeid, men det kjem etterkvart. Kontoret er flytta og det gamle kontoret skal byggast om til garderobar for tilsette.

Lys og triveleg butikk med systematikk.

På opninga vil leverandørane vera tilstades. Det er:

  • Nordan: Vindu og dørar
  • Nordsjø: Alt i måling
  • DeWALT: Elektroverkty
  • Mataki: Takprodukt, papp m.m.

Med dette vil Byggeriet stå fram med ein moderne butikk tilpassa kundane og brukarane. Ombygging og oppussing er utført av Hagemeister Reset Bygg AS. Tilsette på Kvinnherad Vekstbedrift har vore med på flytting og plassering av varer i det nye lokalet.

Finn Guddal på nytt kontor. Det gamle skal byggjast om til garderobar for tilsette.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal