Fem gilde gubbar debuterte på Syng med oss på Husnes.
Røysterett for Alle og Husnes Blandakor inviterte til Syng med oss på Husnes i går kveld. Det vart eit møte med ein ny kvintett med namnet Fem gilde gubbar. Aktørane er kjende musikarar frå ulike grupper tidlegare. Egil Vaage – fele og fiolin, Lorentz Kannelønning – gitar, Haldor Tveit – trekkspel, Lars Jostein Rørvik – vokal/gitar og Frode Kaldestad – vokal/bass. Bilete syner den nye gruppa. Svein Rimestad (t.v.) er ikkje fast medlem.

Kulturskulen sitt kor Mama Emmas framførte fleire nummer. Koret, utan namn for tida, song Beatles, songar frå frå Jesus Christ superstar, Evita og Cats The water is wide og Blå salme av Erik Bye. Gro Skeie har tonefylgje på klaver. Dirigent: Maria Malmsten.

Det var godt frammøte. Som det vert sagt – det var folk i alle krokar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Renate Koløy/ Maria Malmsten