Ein innsamlingsleiar, ein bussjåfør, gode kontakar i bygdene og fem frivillige hjelparar, ja, det er det som skal til for å oppnå ei vellukka innsamling til Ukraina, i regi av THK stiftelsen. Innsamlingsturneen starta kl. 08.00 laurdag morgon i Rosendal. Logistikk og plan er avgjerande for å nå fram til åtte bygder i ytre Hardanger med stopp og lasting. I tillegg må ein tilpassa dagsturen til to ferjer.

Intervju med Hardanger Folkeblad.
200 sekker i Jondal + madrasser og mykje meir.
  • Sundal i Mauranger. Stopp ved Maranger Kro- og Vertshus. Tidlegare journalist i Hardanger Folkeblad, Svein Knudsen, kjem frå Odda med tre sekker. Han lagar reportasje med live opptak der han legg inn samtale med ansvarleg innsamlingsleiar, Tormod Myklebust.
  • Jondal: Her har Frivilligsentralen gjort ein kjempejobb med innsamling og koordinering. Det strøymer til med gjevarar frå Krossdalen, frå Herand i nord til Torsnes i sør. Resultat: 200 seker og colli.
  • Tørvikbygd: Samlingsplassen er på Bedehuset. Dei vil senda med eit digitalt piano og orgel, men grunna lite plass må instrumentet stå att og bli henta ved eit seinare høve. Elles vart det lasta opp 70 sekker, stolar, bord, barnevogn og sanitærutstyr.
  • Strandebarm: Stor folkemengd. Her møter vi ein utflytta sambygding, Kirsten Kristiansen. Ho har flytta til Strandebarm etter før å ha budd i Bergen og på Askøy.
  • Omastrand v/ Bygdahuset. Sjåføren, Leif Jarle Bergstø, møter slekta si.
  • Mundheim: 20 sekker
  • Gravdal: Ein familie møter fram med 6 sekker. I forkant har det i bussen vore tippekonkurranse om kor mange sekker vi får i den vesle bygda Gravdal. Alt frå 0 til 11 sekker. Rett svar: 6 sekker. Gravdal har i dag 14 faste innbyggjarar.
  • Gjermundshamn: Her møter vi tidlegare rutesjef i HSD, Ingjald Hauge. Han kjenner Uskedalen og særleg Rød godt. Samtalen glir lett,
  • Ølve: Airin Zimmer i Galleri Banken har organisert innsamlinga. Ho eig også det nedlagde posthuset. Her har ho lagerplassen. Resultat: 30 sekker.
Ikkje noko å sei på frammøte i Strandebarm.
Samtale med dei to som møtte fram i Gravdal.

Dagen går mot slutten. Fyrst er det ferja til Årsnes via Varaldsøy før avlessing på Hellesøy Verft på Løfallstrand. Ingen skal sei at dette arbeidet gjer seg sjølv. God planlegging, gode kontaktar, ei god sak og stor tillit er avgjerande for eit godt resultat.

Ferjeturen Jondal – Tørvikbygd vart nytta til matpause.

Ukrainalageret i Uskedalen er ope komande laurdag og på Påskeafta kl. 11 – 12. Tysdag 7. april er det lasting på Hellesøy og i Uskedalen, før Tormod Myklebust og Leif Jarle Bergstø er klar for den lange turen fram til grensa til Ukraina.

Arin Zimmer har organisert innsamlinga i Ølve.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal