Har du høyrt om redaktøren som i ein travel kvardag set av tid til å vera med på tur med THK for innsamling til Ukraina. Namnet er Morten Nygård i Grenda. Ikkje nok med det. Han har med syskenbarnet sitt med namnet Leif Nygård. Begge er engasjerte og tek straks hand om innsamling, lasting og stuing av sekker og andre gjenstandar i lasterommet på kombibussen frå TIDE.

Redaktør i Grenda, Morten Nygård, saman med syskenbarnet sitt, Leif Nygård.

Innsamlingsrunden i ytre Hardanger starta kl. 08.00. Fyrste stopp var Sundal i Mauranger. Så gjekk det slag i slag – Jondal, Tørvikbygd, Strandebarm, Omastrand, Mundheim, Gravdal, Gjermundshamn og til slutt Ølve. På alle plassane var det stor interesse og godt frammøte for avlevering. Resulat: 500 sekker og colli til Ukraina.

Morten Nygård var for to år sidan, saman med ordførar Vegard Bjørnevik, med på turen til Ukraina. Han har før og etter skrive mange artiklar om THK si innsamling. Det siste er Grenda sin podkast, nr. 4 i ein serie.

Pokasten hadde overskrifta Krig, naudhjelp og håp. Tormod Myklebust fortel om THK si innsamling og situasjonen i Ukraina. Tormod har årleg køyrt hjelpesendingar sidan 2008. På nokre av turane har han hatt med kollega, sjåfør og mekanikar Leif Jarle Bergstø.

Meir om innsamlingsturen kjem i eige innlegg.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal