Kom på Stemneplassen mandag kl.19.

Bilda her er frå 17. mai på andre halvdel av 1960-talet. På den tida var det både gute- og jentespeidarar i Uskedalen. Her ser vi dei marsjera framfor Uskedal Musikklag i 17. mai-toget. Dette er like før skulemusikken blei skipa i 1969.
Både gute- og jentespeidarane var svært aktive, både her lokalt og ved å reisa både på lands-, kretsleir og andre samlingar. I “Den nære fortida” 5 som kjem hausten 2027 er det planar om ein artikkel om speidartida i Uskedalen. Det er lite å finna av skriftlege kjelder, men ein del tidlegare speidarar har delt minne med skriftstyret, og meir håpar vi skal komma fram. Til no har vi også fått samla inn vel 90 bilde. Her håpar vi også på fleire.

På mimresamlinga på mandag vil vi sjå desse bilda på storskjerm, og vi er sikre på at det vil komma fram mange gode minne. Alle er velkomne til å ta del i dette, men tidlegare speidarar er spesielt inviterte. Vi håpar på godt frammøte og mykje god mimring. Vi blir svært glade om dei som har bilde, tar desse med. Då kan vi låna dei, skanna dei og levera dei kjapt tilbake.

Velkomne, velkomne! Dette blir ei kjekk stund!! Truleg blir det svært enkel servering og.

Dei som ikkje har høve til å komma kan senda oss minne til uhl.skrivar@gmail.com eller ta kontakt på telefon 932 88 237 så gjer vi ein avtale.

Tekst: Uskedal Historielag, skriftstyret
Foto: Ståle Eik
Nett: Thor Inge Døssland