I morgon, torsdag 19. mars kl. 19.00, vert det skipa til stor Veldedighetskonsert til inntekt for Kirkens Nødhjelp sin årlege Fasteaksjon. Konserten er lagt til Kulturhuset Husnes. Av mange artistar finn vi Anja Njøten Leite frå Uskedalen. Ho vil saman med slektningen sin, Jacoba Njøten Størksen frå Halsnøy, framføra fleire songar.

Anja Njøten Leite frå Uskedalen er ein av mange aktørar på konserten.

Anja syng i gospelkoret Get Together. I september i fjor hadde dei konsert i Valen kyrkje, der ho var solist. Anja var, før ho kom til Uskedalen, aktiv i fleire songgrupper med band. Dei song i brudlaup, gravferder og ved andre høve. No er ho klar for den store Velgjerdskonsert i Kulturhuset Husnes.

Billettar: Sjå plakaten

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkiv/frå plakaten