Eit titals personar hadde funne fram salmeboka si frå konfirmasjonen. Nokre av dei var konfirmerte i andre sokner, som Holmedal, Ølve og Kvinnherad. Bjørgulv Eik hadde den eldste, frå 1930, og som han brukte i skulen og då han gjekk for presten. Sverre Vevelstad frå Vevelstad i Petter Dass sitt rike hadde med Landsstad si reviderte salmebok, salmeboka han fekk til konfirmasjonen tidleg på 1960 talet. Organist Reidar Algerøy hadde med og synte fram Koralboka godkjend til bruk straks etter Nynorsk salmebok kom ut i 1925.

Uskedal Musikklag er fast aktør på salmekveldane.

Uskedal Musikklag opna og avslutta salmekvelden. Musikklaget baud på minikonsert, mellom anna med melodiar frå repetoaret til Frelsesarmeen. Til salmane valde ut under Salmeynskje var Reidar Algerøy til god hjelp med tonefylgje på piano.

Mari Mehl hadde innlegg frå Kvinnherad mållag. Ho la vekt på verdien med salmeskatten og kor viktig Nynorsk salmebok var i heim, skule og kyrkje fram til ny salmebok kom i 1984. Målbruk er ein viktig del av vår identitet. Salmane er allemannseige og treng brukast og takast vare på.

Nynorsk salmebok i lommeformat med namn innprenta i gullskrift.
Sameboka fortel noko om namnebruk og dato for konfirmasjonen.

Eit ynskje i kveld var Trygve Bjerkrheim sin tekst/melodi Han tek ikkje glansen av livet. Reidar improviserte og stod for ei framføring med svingande rytme.

Mari Mehl, styreleiar i Kvinnherad Mållag, hadde innlegg om målbruk og salmeskatten vår.

Frammøte i kveld var som forventa. Takk til gode hjelparar, til dei med innslag og til dei som hadde salmeynskje.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Jon Harald Kjærland