Neste møte i Kvinnherad Senioruniversitet er i Rosendal samfunnshus, komande torsdag kl. 11.00. Førelesar Rasmus Sunde er pensjonert førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og har doktorgrad på utvandringa til Amerika. Han har skrive fleire bøker om emnet. Tittel på foredraget er:  200-års jubileet for den norske utvandring i 2025.

I foredraget vil han fokusera på korleis det heile starta med den opposjonelle gruppa med kvekarar og haugianarar som drog ut frå Stavanger med skuta Restauration i 1825. Vidare vil Sunde ta for meg den dramatiske overfarten og dei store vanskane for dei 53 personane frå dei  9. oktober sette føtene i land i  New York og frå dei tre veker seinare kom fram til settlementet Kendall ved Ontarionsjøen. Der hadde organisatoren bak utfarten, Cleng Peerson, kjøpt land til dei. Han vil også få ein plass i foredraget sidan han organiserte utferda i 1825 og  blir rekna som far til den norske utvandringa.

Elles vil Rasmus Sunde med hjelp av diagram visa og forklara korleis og kvifor utvandringa  gjekk i bølgjer og var så ulik frå dei ymse distrikta i landet vårt.

Rasmus Sunde er for mange kjend frå FOTEFAR Temareiser, som han driv saman med sonen sin.

Etter førelesinga er det matøkt. Møta er opne for alle.

Inngang: kr. 250/150 for medlemer. Medlemspengar: kr. 300,-. Betal til konto: 3460.13.31545 eller VIPPS: 12834

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal