Kjellarkveld i Gamleskulen komande fredag med "live musikk". Kl. 19 - 23.
Komande fredag prøver Uskedal Utvikling noko nytt. Det vert “live musikk” på Kjellarkveld i Gamleskulen. Fire Rustne Menn stiller og framfører variert musikk, alt frå medley ( country), coverlåtar, pop og viser til irsk pubmusikk. Og sjølvsagt med song, slik det er når du reiser i vesterveg.
Fyrste fredagen i månaden er det til vanleg kjellarkveld. Nytt er det at ein prøver med band. Ope for alle. Aldersgrense: 18 år. Det er kaffi på kanna. Anna drikke må ein ta med sjølve.
Kom innom og ver med på noko som er nytt og som kan bli kjekt.
Med i Fire Rustne Menn er:
- Hans Gertz: Munnspel
- Tor Bjelland: Bass
- Svein Rimestad: Gitar/vokal
- Kristian Bringedal: Trekkspel/vokal
Tekst: Uskedal Utvikling Nett: Kristian Bringedal Foto: Arkiv - Jan Gjertsen