Den 1.mars er det nøyaktig 90 år sidan Uskedal Musikklag vart skipa.
Det var ungdomslaget som gjorde det viktige vedtaket, og korpset er såleis eit særlag under ungdomslaget med sjølvstendig drift. Tilknytinga
til ungdomshuset Helgheim har såleis alltid vore sterk, og derfor er
ingenting meir naturleg enn at jubileumsmarkeringa føregår der komande søndag ettermiddag.


Det vert lagt opp til eit program som skal visa noko av laget si historie og
det som er særpreget til korpset i dag. Jubilanten sjølv opnar det heile
med ei instrumental avdeling før dei går over i ein meir historisk bolk. Der
vil ein sekstett først spela eit nummer på dei første instrumenta før det
vert ein mimresamtale med 4 tidlegare og noverande medlemmer med
lang fartstid. Det er venta at det her blir presentert både fakta og gode
historier. Innimellom pratinga blir det avbrekk av nokre innslag.

Ein trio vil m.a. framføra ein song som Amanda Wang skreiv til Guttemusikken dåden var 1 år i 1957. Det blir og vising av fana og ulike uniformer, og truleg overraskingar. Til den historiske biten høyrer også musikkopptak med korpset frå 1950-talet og bilde frå lagshistorien.


På ein 90 årsdag er det sjølvsagt eit stort kakebord, og det blir sett av
god tid til både kakeeting, kaffi- og saftdrikking og god drøs. Om nokon
vil fortelja ei god historie med tilknyting til musikklaget, er det og tid for
det.

Jubilanten Uskedal Musikklag på scenen i Helgheim.


Til avslutning blir det ei allsongøkt med Kristian Bringedal som forsongar
og den som bind det saman med ulike stunts. Dette har dei siste åra på
mange måtar blitt korpset sitt særprega varemerke. Då blir sjølvsagt det
fine songheftet til laget brukt, og det bør bli ei passande avslutning på
feststunda.


Når nokon rundar år, får dei ofte spørsmål frå både privatpersonar og
andre om kva dei ønskjer seg som gåver. Laget seier nok ikkje neitakk til
dette og har både vipps (93 05 41) og bankkonto (3460 07 50439). For
dei som kjem på festen blir det også sett opp ein kasse der dei som
ønskjer det, kan leggja pengegåve, men det kostar sjølvsagt ikkje
inngangspengar å komma i bursdagsfeiringa. Den er gratis.

Alle vil få høyra unikt opptak av musikklaget frå 1950 talet.

Velkommen, velkommen alle saman.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal