Veldedighetskonsert på Husnes,19. mars. Anja Njøten Leite frå Uskedalen er ein av artistane.
19. mars kl. 19.00 vert det skipa til stor Veldedighetskonsert til inntekt for Kirkens Nødhjelp sin årlege Fasteaksjon. Konserten er lagt til Kulturhuset Husnes. Av mange artistar finn vi Anja Njøten Leite frå Uskedalen. Ho vil saman med slektningen sin, Jacoba Njøten Størksen frå Halsnøy, framføra fleire songar.

Anja er songar i gospelkoret Get Together. I september i fjor hadde dei konsert i Valen kyrkje, der ho var solist. I forbifarten snakkar vi med Anja. Ho fortel, at før ho kom til Uskedalen, var ho aktiv i fleire songgrupper med band. Dei song i brudlaup, gravferder og ved andre høve.
Det er ikkje bestemt kva songar og genre Anja og Jacoba skal framføra på Husnes. Det vil ein koma tilbake til.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto/ Kyrkja i Kvinnherad