Wermund Vetrhus spør om politisk utval og openhet.
Wermund Vetrhus ( SV ) frå Uskedalen stiller spørsmål til Orføraren om politisk utval og openhet. Vetrhus syner til PS 2024/119 Polititisk arbeidsgruppe plansaker der kommunestyret oppretta ei politisk arbeidsgruppe for plansaker. Mot 11 stemmer. Utvalet vert omtala som eit Ad Hoc-utval. Denne typen utval er omtalt i eit kort avsnitt i politiske reglement. Wermund Vetrhus har leita i kommunelova, offentleglova og arkivlova og har ikkje funne svar på kva utval dette er. Han spør mellom anna om kva paragraf i lova dette utvalet er heimla i.
Wermund Vetrhus skriv vidare:
I korkje politisk reglement eller vedtaket er det synt til kva lov, forskrift eller paragraf vi oppretta denne eller andre grupper i samsvar med. Og eg undrar på om ikkje vedtaket, arbeidsmåten til gruppa, evt begge deler er i strid med lova. Denne gruppa arbeider hovudsakleg med kommuneplanen sin arealdel. Gruppa har etter vedtaket ikkje vedtaksmynde, det er greit. Men den jobbar skjult frå resten av kommunestyret og alle innbyggjarane, stikk i strid med lova, slik eg, og andre eg har rådført meg med forstår ho.
Spørsmåla er:
- Er gruppa eit folkevald organ etter kommunelova §5-1
- Er det eit utval, eller er det ein komité etter hhv kommunelova §§ 5-7 eller 5-9
- Kvar er instruksen for denne gruppa som skal vera tilgjengeleg ifølge kommunelova § 5-13
- Kvar kan publikum lett finna informasjon om kven som er med i gruppa
- Kvifor er det ikkje sendt ut innkallingar med sakslister slik kommunelova §11-3 krev
- Kvifor er møta ikkje ført opp i møtekalenderen slik kommunelova §11-3 i praksis krever
- Er denne gruppa så spesiell at den ikkje skal i møtekalenderen? I så fall kvifor det
- Kvifor er det ikkje ført referat slik kommunelova §11-4 krev
- Kvifor er desse møta i praksis lukka møter i strid med kommunelova § 11-5
Kvinnherad kommune skal vera ein open og tillitsvekkjande kommune. Vi kan ikkje ha slike hemmelege møter. Eg ber om at kommunestyret, og innbyggjarane i Kvinnherad kommune, får ta del i den same informasjonen som den engere krets har fått. Med andre ord, at det arbeidet som er gjort blir lagt ut gjennom referat frå kvar enkelt møte. Med oversikt over kven som har fremja ei endring, kven som har støtta og ikkje støtta endringa.
Og at det for all framtid blir slutt på det eg oppfattar som ein ulovleg praksis med møter i løyndom for ålmenta. Eg ber om at alle framtidige møter i ALLE folkevalde organ blir kalla inn i god tid i førevegen, i praksis 7 dagar, med saksliste, som er offentleggjort, at møta blir lagt inn i kalenderen, og at det blir ført protokoll som blir gjort tilgjengeleg.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto