Ebba Hermann Fossli spelar solokornett i korpset

I desse dagar er det 20 år sidan Hordaland Ungdomsbrassband hadde si første samling. Denne helga har dei flinke korpsungdommane hatt samling i Rosendal. Som vanleg blei samlinga avslutta med konsert. Og det var ein imponerande konsert ungdommane presenterte for publikum. Nydeleg klang i korpset, topp presisjon og eit variert og flott program.

Dei første 15 åra var det Ole Johan Aarlie og Kjersti Pisani som la ned ein ubeskriveleg innsats ved å driva korpset. Mange uskedalsungdommar fekk glede av å vera med i korpset desse åra. I den perioden var det og fleire samlingar i Kvinnherad.
Etter at koronaperioden hadde sett kjeppar i hjula for nokre samlingar, valde Ole Johan og Kjersti å trekkja seg tilbake frå drifta. Heldigvis såg mange den store verdien i å ha eit slikt tilbod, og Eikanger Bjørsvik Musikklag tok på seg å driva korpset vidare.
I helga var altså HUBB tilbake i Kvinnherad. Dei har for tida to kvinnhersungdommar i rekkjene sine. Det er Ebba Hermann Fossli frå Uskedal Skulemiskk i solokornettrekkja. ho bidrar i fleire korps. Mellom fleire korps spelar ho i år i førstedivisjonskorpset Tysnes Musikklag. Ho er den første uskedelingen som har fått plass i HUBB etter at EBML overtok. Ein annan kvinnhering er med; – tubaisten Frida Seim frå Rosendal Skulekorps.

Solokornettist Ebba Hermann Fossli saman med leiaren i HUBB Vidar Nordli som sjølv er Europeisk solistmeister frå 2014 med trombone som hovudinstrument. Han speler fast i EBML.

Korpset har ikkje fast dirigent, men skiftar frå samling til samling. Det er kvar gong toppdirigentar. Denne helga var det Kjetil Djønne som styrte taktstokken. Jubileumskonserten opna passande med Jubilee Overtyre av Phillip Sparke før det forsette med ein aldeles nydeleg euphoniumssolo. Seinare i konserten fekk vi både høyra eit “NM-nummer” og Marcia a la Pisani av Jan Ludvik Jacobsen som vart laga til 10 årsjubileet til korpset. Denne hadde dei henta fram att for å heidra skiparane Kjersti Pisani og Ole Johan Aarlie.
Som vinnarar av EM i Stavanger i fjor er klare for EM som i år blir arrangert i Linz i Østerrike. Vi fekk og høyra musikknummer som var aktuelle der.
Dette er eit stort økonnomisk løft, men ved hjelp av økonomisk støtte frå private aktørar er no det økonomiske i hamn. På konserten øverrekte og leiar i EBML, Frode Rydland, ei gåve på 20.000 kr til korpset ved leiaren Vidar Nordli. Dette kjem i i tillegg til det faste tilskotet som Eikanger Bjørsvik Musikklag bidrar med til ungdomskorpset årleg.
Korpsleiar Vidar Nordli bandt programmet saman, han fortalde at Hubb var tiltenkt aldersgruppa 13-20 år. Søknaden er stor, og det er prøvespel for å bli med. Den store interessa gjer at det no berre er to musikarar som er under 15 år. For at fleire skal få smaka på kva HUBB er, starta dei i fjor haust samlinga HUBB UNG for dei frå 12 år og oppover. Dette blir fulgt opp i denne sesongen. Anna Hermann Fossli frå Uskedal Skulemusikk var med på HUBB UNG-samlinga sist haust.

HUBB er ei særs flott ungdomssatsing. Det er flott av ungdommar får møtast, ova inn og presentera musikk på eit slikt nivå som vi fekk oppleva i Rosendal Samfunnshus i dag. Det blir ekstra spennande å følgja med dei under Europameisterskapet i Linz. Der er det Reid gilje som dirigerer.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland