Årsmøte med velsmakande kveldsmat.
Uskedal Friluftslag kalla inn til årsmøte i kveld. Uventa for mange var servering av god kveldsmat. Rundstykke med egg, laks, ost og sild frå sjølvaste Sildakongen vart sett på bordet. Kjøkkensjefen, Jofrid, måtte melda forfall ( sjuk ) og inn i hennar plass kom Åse Neset og Thor Inge Døssland. Årsmøte var unnagjort på knapt ein time. Då hadde ein vore innom årsmelding, reknsekap, val, budsjett, årsplan og prosjektplan.

Styret held fram med sine oppgåver. Styreleiar Kristian Bringedal har desse med i styret: Audun Eik, Ove Magne Myhre, Åse Neset og Jofrid Eik. Varamedlemer: Steinar Kroka og Geir Eidsvik.
Attval på revisorane Ståle Eik og Hans Reidar Kjærland
Ny valnemnd: Rolf Myklebust og Gunnbjørg Eik
Årsleiga vart sett til kr. 3 000,-. Døgnleige: kr. 500,-
Frå årsmeldinga 2025 tek vi med:
- Det er 9 faste brukarar med årsleige. I tillegg kjem dei som brukar døgnleige.
- Det er kome lys på P plassen.
- Med støtte frå Historielaget er det kjøpt inn brannvarslarar kopla opp med varsling på telefonen.
- Det er gjennomført to vedlotteri med ei inntakt på kr. 44 000,-
- Det er gjennomført friluftskonsert i samarbeid med Uskedal Musikklag.
- Eine bakrommet er pussa opp og utbetra med tanke på fukt.
- Med støtte frå Uskedal Historielag og Rustne Menn er det laga instrumentlager.
- Plassen vart brukt på 8. mai og på 17. mai, mellom anna med kiosksal.
- Det er gjennomført ryddedugnad og Dugnadsgruppa har hjelpt til vegetasjonsrydding.
- Dugnadsgruppa stod også for montering lyslekkjer i desember, kjøpt inn og betalt av Uskedal Utvikling.
- I desember var Friluftslaget tilskipar av Lysmarsj over Skårhaug, Nissekasse og servering av gløgg og kakemenn, sponsa av SPAR.
På prosjektplanen for 2026 finn vi: Ny kioskvegg, kantsikring og nytt amfi/ universell tilpassa tilgang for rullestolbrukarar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal