Her kjem ei kort oppsummering frå NM i Brass i helga. Tre korpsmusikantar frå Uskedalen var med på kvar sine musikklag.

  • Tysnes Musikklag med Ebba Hermnn Fossli på flygelhorn vart nr. 11 i 1. divisjon. Tysnes bekrefta sin posisjon som det beste korpset frå Sunnhordland i NM. Å spela i 1. divisjon er ein stor prestasjon.
  • Håvard Stensletten Eik i Fjell Brass vart nr. 13 i 3. divisjon.
  • Nils Rainer Vågen på Hordvik Musikklag vart nr. 14 i 5. divisjon.
  • Eit anna korps frå Sunnhordland, Sagvåg Musikklag, vart nr. 2 i 5. divisjon.

Elitedivisjonen var som vanleg; 1. Eikanger Bjørsvik. 2. Manger Musikklag 3. Stavanger Brass.

Tekst: tid/kb