God oppstart i Uskedal ungdomslag i 2026.
I ein serie innlegg om lagsdrifta og oppstarten i det nye året, er turen komen til Uskedal Ungdomslag. På Facebook les vi om eit ungdomslag i god drift. Helgheim er meir brukt enn nokon gong. Kyrkjeleg arrangement i tida Uskedal kyrkje er stengd kan vera noko av forklaringa. Les meir her:
- Bingoen er kome godt i gang att. Den blir arrangert i kjellaren kvar onsdag kl. 1900.
- Ungdomslaget hjelper kyrkja med plass til gudstenester, salmekveld og evt. gravferder no når kyrkja er stengt på ubestemt tid. Neste gudsteneste blir 15. februar kl. 1100.
- Nye utleigepriar 2026 finn ein under filer på Facebooksida. Etter mange år utan justeringar, har styret i år sett at det var naudsynt å justera opp prisane for leige i helgane. Prisane i veka er ikkje endra.
- Ungdomslaget har fått kr. 18 000,- i støtte frå Kvinnheradstiftinga til å fiksa taket på naustet til Fjelly, noko ein er takksame for. Går alt etter planen kjem materialane på plass ved Fjelly no i helga.
- Ei god støtte til ungdomslaget kan vera via Norsk Tipping sin Grasrotandel. I fjor hadde ungdomslaget 30 givarar som gav eit resultat totalt kr. 18 497,63. Takk til desse 30 og.
- Det vet planlagd nokre kafesamlingar i år også, både på Fjelly og i Helgheim
- Årsmøte skal vera i mars. Dato kjem når reknsskapet er tilbake frå Sumarum.
- Den årlege jakta på nye styremedlemer er igang. Har du lyst til å vera med å halda Helgheim, Fjelly og laget i gang, er det berre til å gje styret ein lyd. Kanskje du har nokre ideer til aktivitetar/arrangement som du har lyst å dra i gang? Då er ungdomslaget plassen for deg.
- Det er dugnad i Helgheim på laurdag 31. januar. Då skal det ryddast under scena – tru det ligg mykje rart der. Litt meir malejobb vert det også dersom ein får tid. Hvis nokon har lyst og tid, er det berre til å hiva seg med. Start kl. 1000.

Tekst: Henta frå Uskedal Ungdomslag - Facebook Foto: Hans Ordin Østebø/ Anita Enæs Nett: Kristian Bringedal