Fire Rustne Menn fekk vera med på årets fyrste pensjonistmøte på Hatlestrand. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy Pensjonistlag ( HØV ) er eit aktivt lag med møte, føredrag, tema, kåseri og turar kvart år. Gymsalen på Hatlestrand skule var mest fullsett då Johannes Femsteinevik yngste velkomen og opna møte med Fotlandsfossen, kjend frå Lindesnes Trekkspelklubb sitt repetoar. Femsteinevik spelar sjølv trekkspel.

Fire Rustne Menn framførte deler av nyinnøvd repetoar. Songar av Olav Stedje står på programmet, Ein nordmann sin draum og Vi vandrar saman. Olav Stedje har vore og er ein sentral artist som syng på dialekt. Songane hans vert brukte alt frå i barnehagen til Syng med oss på aldersheimane.

Jan Eggum er ein annan artist med folkekjære songar. En natt forbi er døme på ein tekst som innbyr til allsong. Gruppa er tilbake på Kafe Tiaren neste tysdag, då med del av den same framføringa som på Hatlestrand i ettermiddag.

Vårprogrammet til Fire Rustne Menn er for det meste på plass, men det vil alltid koma til noko ekstra.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Torgils Våge