Bovaer skrota - Bondelaget nådde fram etter to års kamp.
Endeleg kom Bovaer på skrothaugen. Det var ikkje ein dag for tidleg etter over 2 års kamp, seier Hans Reidar Kjærland, bonde og styremedlem i Uskedal Bondelag, TINE går bort frå å bruka mjølk frå gardsbruk der det vert brukt Bovaer. Omsynet til forbrukarane og tilliten til norsk mjølk veg tungt, seier Gine Wang-Reese. Ho er konserndirektør for kommunikasjon, politikk og eigarorganisasjon i TINE

Denne avgjerda er teken ut frå ei samla vurdering med bakgrunn i sterke protestar frå bønder og bondelag. Uskedal Bondelag har vore sterkt profilert i denne saka med skriv og lesarinnlegg, mellom anna i Bondebladet. Saka handlar om dyrevelferd og det å ikkje bruka kjemisk framstilte tilsetjingsstoff i foret.

Forbrukarane har også vore skeptiske. Bruk av Bovaer har skapt uro og usikkerhet. TINE har lytta og handla, seier konserndirektøren.
Tekst/nett: Kristian BringedaL Foto: Skjermdump Bondebladet/ Arkivfoto