Uskedal Musikklag 90 år - nye tiltak i jubileumsåret.
Uskedal Musikklag 90 år er fyrst ut i ein serie innlegg om lagsaktiviteten i vårhalvåret 2026. Lag og organisasjonar i bygda vert oppmoda om å senda redaksjonen nokre ord. Det treng ikkje vera så mykje, men ta med litt om den daglege drifta, rekruttering, prosjekt og kva som er nytt. Innlegget om Uskedal Musikklag kan vera eit døme på korleis det kan gjerast.
Uskedal Musikklag vart skipa 1. mars 1936, og laget rundar dermed 90
år no i vårsesongen. Det vil i nokon grad prega aktiviteten. Sjølve jubileet
vil bli markert på sjølve 90 årsdagen søndag 1. mars med
jubileumskonsert i Helgheim. Ingen stad er meir naturleg for dette
arrangementet sidan Uskedal Musikklag er skipa som eit særlag under
Uskedal Ungdomslag. Laget håpar på godt besøk på bursdagen, og
gjestene vil m.a. få oppleva musikk frå jubilanten i to avdelingar; – ein
instrumental avdeling og ei allsongavdeling der Kristian O. Bringdal er
forsongar og bind det heile saman. Dessutan blir lagssoga presentert
gjenom mimresamtale med både noverande og tidlegare medlemmer. I
tillegg blir det både god drøs, kaffi, kaker og overraskingar denne
søndags ettermiddagstunda.

Musikklaget har vore særs aktive dei siste åra med 55 opptredenar
(28+27) fordelt på dei to siste kalendaråra. Mykje av dette blir til ved at
andre arrangørar spør om laget kan spela på deira arrangement. Laget
set pris på slike forespørslar og takkar ja så sant det let seg gjera.
Dermed er mykje av vårprogrammet ikkje setla enno, men vi tar med det
som er klart.
Tre av desse er allsongprogram, der laget sitt eige hefte blir brukt,
saman med forsongar Kristan Bringedal.

- Tysdag 31. mars er det Uskedalsdag under Syng med oss på Rosendalstunet. Uskedal Helselag syt for god servering medan musikklaget og Kristian fører an i allsongen.
- Onsdag 22. april er det Syng med oss på Husnestunet som får besøk av musikklaget og Kristian.
- Tysdag 28. april, er same gjengen klar for å leia an i allsongen på Kafè Tiaren i Gamleskulen.
Mai er ei travel månad for korps, og musikklaget reknar med at dei spelar
ved markeringa ved Bautasteinen og under hovudprogrammet slik
tradisjonen har vore i seinare tid.
I mai/juni er det planar om ei nyskaping. Konsert under Englafjell. Det er tenkt å vera på eit av dei praktfulle utsiktspunkta på den nye tømmervegen på Døssland/Feet. Dette er på tidleg planstadium, og laget må gjera avtale med grunneigarane før det er ein realitet. Dato blir sett på relativt kort varsel slik at vi får fint ver. Dette er ein ideell plass då den er så lett framkommeleg, og laget ser for seg ein konsert med spesiell akustikk og den nydelegaste utsikt ein kan tenkja seg! For nokre kulisser! Kanskje vil ein samarbeida med eit anna lag som kan fyra opp bålpanner slik at publikum kan ta med pølser og grilla? Dette kan bli ei flott oppleving!!
Friluftskonserten på Stemneplassen er lagt til veke 25, anten tydag 16. juni eller torsdag 18. juni.
Tekst: Thor Inge Døssland Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal