Heile 180 selde billettar på møte i Kvinnherad Senioruniversitet i dag. Tema Musikk – medisin for hjernen interesserte mange. Om lag 20 personar frå Uskedalen var med og fekk høyra Geir Olave Skeie førelesa om korleis musikk kan brukast i behandling for dei med nevrologiske lidingar. Det kan vera Parkinson, hjerneslag og hjerneskadar.

180 selde billettar på møte i Kvinnhead Senioruniversitet i dag.

Skeie er overlege på Nevrologisk avdeling på Haukeland. Han er dessutan professor ved Griegakademiet der han er utdanna pianist. Utgangspunktet for ein time med Skeie var:

  • Kva gjer hjernen med musikk
  • Kva gjer musikk med hjernen
  • Kan dette brukast til noko i behandlinga

Geir Olve Skeie engasjerte og gav tilhøyrarane motivasjon til å driva på med musikk – kor, korps, band og andre grupper med musikk og rytme. Nytteverdien er stor uansett om du er utøvar eller pasient.

Spørsmål frå salen handla for det meste om musikkterapi i kommunal omsorg og i psykiatrien.

Neste møte i Kvinnherad senioruniversitet er torsdag 12. februar kl. 11 på Husnes. Tema er Husnesområde del 2 – store endringar sidan utbygginga av SØRAL ( No: Norsk Hydro, Husnes ). Førelesar er Aasmund Kåre Rørvik

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal