Kvinnheradstiftinga - gåve til to lag i Uskedalen.
Kvinnheradstiftinga har hatt si fyrste gåvetildeling i 2026. Av 19 tildelingar finn vi to lag frå Usedalen på lista. Det er Uskedal Ungdomslag og Uskedal Helselag. Av totalt 41 søknader på over ein million kroner, vart det tildelt kr. 444 600,-. Tildelinga gjeld søknader inntil kr. 30 000,-
- Uskedal Ungdomslag: kr. 18 000,- til vedlikehald/renovering av Fjelly
- Uskedal Helselag: kr. 30 000,- til Demens – omsorg for pårørande
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto