Det kan umogleg vera god dyrevelferd å starta behandling av friske kyr med kjemisk framstilte tilsetjingsstoff for resten av livet. Dette er ei behandling som kua ikkje treng for å ha eit godt liv, snarare tvert i mot.
Det amerikanske mattilsynet (FDA) har klassifisert Bovaer som eit legemiddel for dyr (veterinær- legemiddel) i USA. Grunnen til dette er at tilsetjingsstoffa i Bovaer påverkar funksjonane i kroppen til kua (fordøyelsesprosessen) og dermed er det definert som eit legemiddel.


At EU og Norge har klassifisert Bovaer som eit fôrtilsetjingsstoff og ikkje eit legemiddel, seier ikkje så reint lite om heile denne saka. Her har vi eit godt døme på at det er økonomiske krefter som styrer «det grøne skifte» og ingen ting anna. Vi ser no tilfelle både i Danmark og Norge at dette går utover dyrevelferda. Ein treng ikkje vera forskar eller professor for å forstå det.

Dessverre, så er det vel dei som er dei siste som kjem til å innsjå det. Her skal det nyttast så små dosar til kvar enkelt ku at det må gå gale.
Resultatet er at nokre kyr får for mykje metannhemmar i seg, og at reststoffa går over i mjølka og kjøttet. Kua får problem, dyreeigarar og forbrukarane får problem. Slik skal vi ikkje ha det. Vi snakkar om giftstoff, berre så det er klart.


Det siste no er at Mattilsynet har revidert sine info-sider når det gjeld Bovaer. Dei seier at reststoffet NOPA går over i mjølk og kjøtt, men dog i små mengder. Ja, små mengder så lenge kua ikkje får for mykje i seg, men kven skal passa på det? Dette er rett og slett ikkje mogeleg. At uttestinga av Bovaer i Norge blei sett på pause i november ut frå «føre var prinsippet», var heilt naudsynt. Dei seier at dei skal revurdera dette på nytt no på nyåret.


Det vil vera fullstendig galskap å starta oppatt dette prosjektet. Forbrukarane har reagert kraftig, og vert det teke oppatt, så vil dette gå frå vondt til verre. Det vil bli stor mangel på økomjølk. 250 økobønder i Tine kan ikkje møta etterspørselen i 2026. I tillegg så veit vi at både konvensjonelle bønder og økobønder har fått redusert forholdstalet for mjølk frå 1,20 til 1,01 for 2026.


Metanhemmar-prosjektet har ikkje tillit i markedet. Både «Klimamelk« frå Q-Meieriet og «Fremtidsmelk» frå Tine var ein fiasko. Så dukka mjølk frå 70 testbønder opp på tanken i 2025, utan at forbrukarane fekk opplyst om dette. Ikkje nok med det, mjølka frå testkyrene hos NMBU på Ås går framleis på tanken, den dag i dag. Dette er ikkje berre klønete frå Tine
si side, det er rett og slett arrogant. Vi skjemmest som Tine-eigarar. Tine kan ikkje dekka seg bak at det er eit «fôrtilskot», og at dei då ikkje treng å opplysa om det, all den tid dei veit at dette er ei kontroversiell sak for forbrukarane. Prosjektet er daudt uansett kva dei måtte meina i Tine og Bondelaget.

Vi kan ikkje forstå at Tine og Bondelaget skal gå i bresjen for å øydeleggja heile omdøme til norsk landbruk. «Ein ber ikkje havre til ein daud hest», det må snart Tine og Bondelaget innsjå. No har dei ein unik moglegheit til å koma seg ut av prosjektet, utan alt for mange riper i lakken. Den moglegheiten må dei gripa no, dei får ikkje den fleire gonger. Det må finnast andre måtar å redusera klimautsleppa på, enn å la det gå ut over dyrevelferda. Vi som bønder har i alle fall ikkje tenkt å vera med på å tukla med kua, som er ein naturleg del av vårt økosystem.

Vi har fleire aktive mjølkebønder i vårt lag som seier at medlemsskapet i
Bondelaget heng i ein tynn tråd, dersom det no ikkje vert rydda opp i denne saka. Det synestvi er trist.

Innlegget er sendt Bondebladet som eit lesarbrev.

Tekst: Uskedal Bondelag - styret
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal