Kunngjering: Årsmøte Uskedal Friluftslag, måndag 9. februar kl. 18.00.
Noverande styre i Uskedal Friluftslag har vore samla for klargjering av Årsmøte 2026. Medlemslaga vert med dette innkalla til årsmøte måndag 9. febr. kl. 18.00 på Stemneplassen. Kvart medlemslag ( sjå lista under ) møter med 2 utsendingar. I tillegg til ordinære årsmøtesaker vert det lagt fram driftsbudsjett og prosjektplan. Ei anna viktig sak er leigeprisar/ årsleige for dei om har fast leigepris og dermed kan bruka plassen etter eige behov.
Medlemslaga er:
- Uskedal Skulemusikk
- Uskedal Musikklag
- Uskedal Helselag
- Uskedal Idrettslag
- Uskedal Ungdomslag
- Uskedal Bondelag
- Uskedal Indremisjon
- Uskedal Båtlag
- Uskedal Historielag
- Røysterett for Alle
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto