Uskedal Bedehusforsamling legg fram eit variert og solid vårprogram.
Uskedal Bedehusforsamling er ei forsamling tilknytta Indremisjonsforbundet og Norsk Luthersk Misjonssamband. Laget er registrert som ein ideell organisasjon. Vårsesongen har alt starta med møte sist helg. Styret med leiar Asgeir Hjelmeland legg fram eit solid og innhaldsrikt vårprogram med faste møte frå januar til juni månad.

Forsamlinga legg opp til eit variert program med om lag 6 samlingar i månaden. Det kan vera familiemøte, sundagsmøte, barnelag, fredagsklubb og bønemøte. På talarlista finn vi namn som Kristoffer Aase, Preben Solvang, Olav Eikemo, Øyvind Solheim, Håkon Brekkå, Linda Aase, Arnfinn og Helga Margrete Røyland.

Av lokale forkynnarar finn vi Arne Lindekleiv og Hildur Øvsthus. Arne Lindekleiv, tidlegare kyrkjeverje i Kvinnherad, har hatt leiaransvar i Indrmisjonssamskipnaden og er sentral i arbeidet på Husnes Bedehus. Hildur Øvsthus kjem frå Varaldsøy. Ho var i si tid lekprest i kommunen og har over mange år lagt ned eit stort arbeid både i kyrkja og på bedehuset på Varaldsøy.
Møta vert kunngjorde på Facebook, Uskedalen Bedehus.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto