Piknik og skeising på Fjellandsbøvatnet.
Det var eit yrande liv på Fjellandsbøvatnet i dag. I det fine veret med trygg is var nok eit femtitals menneske samla til skeising og piknik. Mange hadde med grillmat og god varm drikke. Isen er litt knudrete, men godt brukande. Parkeringa kan vera eit problem. I dag fann alle plass ved gapahuken eller langs vegen. For dei som berre vil gå tur, er det fint å ta seg fram på vatnet og vidare på skogsveg inn Åsaredalen. Temperaturen viste rundt 7 kuldegrader.


Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal