Amalie Røstbø med oppvekst i Uskedalen var gjest i NRK Hordaland i dag tidleg. Amalie er berre 27 år og truleg ein av dei yngste gallerieigarar i landet. Ho vart av Gøril Guddal spurt om å overta drifta av det landskjende kunsttgalleriet på Guddalstunet. Amalie fortalde om oppveksten sin i Uskedalen, om interessa for kunst og kva som var motivasjonen.

Amalie Røstbø saman med sambuaren har tankar om drifta framover. Sesongen 2026 med tre utstillingar ligg fast. Ho vil til neste år utvida frå tre til fire utstillingar. Opninga i år er 2. april. Ny nettside kjem alt i år. Det same med nettbutikk.

I samtalen med Amalie kjem det fram at ho truleg er mellom dei yngste gallerieigarane i landet. Ho har “store sko å fylla”. Galleri G Guddal er nasjonalt kjend med sterk profil. Dronning Sonja har vore ein av mange kjende utstillarar. Ein annan er Ørnulf Opdahl som kjem tilbake i år.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kjell Magne Haugland