Det kom julebukkar i år også, sjølv om det kan vera ein tradisjon som er i tilbakegang. På søre Musland kom det seks julebukkar, fint utkledde og med god song. På Kråkehaugen og Neset var det fleire flokkar. Det same i Halsabrotet og på Kleivo. Korsnes var det også julebukkar på vegen, litt seint for å nå i tubaisten som måtte gå på musikkøving kl. 19.00. Nokre har likevel vore på døra og lagt att melding. Ingen kom til redaksjonen i Beinavikjo. Difor manglar vi bilete. Legg på eit arkivfoto tilbake til 2022.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto