Musikk - medisin for hjernen. Tema på møte i Senioruniversitetet, torsdag 15. januar på Kulturhuset Husnes
Geir Olve Skeie er førelesar på januarmøte i Kvinnherad Senioruniversitet. Skeie er overlege ved Nevrologisk avdeling på Haukeland Universitets-sjukehus og professor ved Griegakademiet der han og er utdanna pianist. Han har forska på forholdet mellom musikk og hjernen. I forelesinga vil han snakka om korleis musikk vert «skapt i hjernen», og korleis det å driva med musikk kan endra hjernen.
Han vil og koma med eksempel på korleis musikk kan brukast i behandling av nevrologiske lidingar som Parkinsons sjukdom, hjerneslag og hjerneskader. Kor- og korpsmedlemer, medlemer i helselaga i kommunen, besøksvener på institusjonane, kulturskulelærarar, band og andre som driv med rytme og musikk vil ha nytte av å høyra Geir Olve Skeie.
Møta i Kvinnherad Senioruniversitet er opne for alle. Til vanleg: 2. torsdagen i månaden på dagtid, kl. 11.00, med matøkt etter førelesinga. Møteplassen vekslar mellom Rosendal og Husnes.
Inngang: 250/150 for medlemer. Det er høve å teikna medlemskap for 2026. Årspengar: kr. 300,-. Kan gjerast på møte eller ved bruk av konto; 3460.13.31545 eller VIPPS: 12834. Hugs at du skriv namn og kva innbetalinga gjeld.
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal