I 2025 nytta 52.661 personar seg av Osloruta til DAT. Samanlikna med 2024 utgjer dette ein auke på 16.298 personar eller 44,8%. Kabinfaktoren på Osloruta var i 2025 på 71,7%. Til samanlikning var kabinfaktoren i 2024 på 62,2%.

DAT flyg i dag 16 rundturar pr. veke på Osloruta. Dei nyttar flytypen ATR-42 med 48 passasjerseter. Årsaka til den store trafikkveksten er at flyruta Stord-Oslo no er ein del av dei statlege FOT-rutene. Noko som betyr god frekvens på flyruta samt konkurransedyktige billettprisar.

Dagens FOT-rute går fram til oktober 2027. Lufthamnselskapet har alt starta arbeidet med å sikra at flyruta Stord-Oslo også vert inkludert i det neste FOT-rute anbodet.

Lufthamnsjef Jan Morten Myklebust er frå Uskedalen.

Tekst: Pressemelding
Foto.: Thomas A. Hjelmen