Uskedalen.no kan syna til stabil drift i 2025. Det er rett nok registrert ein liten nedgang når det gjeld innlegg, frå 793 ( 2024) til 787 i 2025. Etter omlegging av nettsida i 2021 har det vore ein liten nedgang kvart år. Snittalet innlegg dei fem siste åra er 828. Talet er likevel høgt, takk vere gode hjelparar. Alt arbeidet med nettsida vert gjort som frivillig innsats.

Etter tre kurskveldar i 2024, gjennomført av Hans Ordin Østebø, er om lag 10 personar kompetente til å skriva, redigera og leggja ut innlegg. Kontaktpersonane kjem mellom anna frå Uskedal Bedhusforsamling, Uskedal Utvikling, Uskedal Musikklag, Uskedal Ungdomslag, Uskedal Skulemusikk, Aktivitetshuset/ Aktivitetsparken, Uskedal Idrettslag, Uskedal Historielag, Uskedal skule og Uskedal Friluftslag.

Uskedalen.no kan i 2026 syna til 20 års drift. Fyrste innlegget Ola Matti Mathisen skreiv, var i juni 2006. Han var redaktør i nøyaktig ti år, fram til 2016.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto/ Statistikk - Hans Ordin Østebø