Går inn i det nye året med rekordresultat i 2025.
S. Rødsten Bilforretning kan syna til eit rekordår. Alt i 2024 var omsetnaden på over 100 millionar kroner. Drifta i 2025 har gått over alt som er forventa med eit nybilsal på om lag 120 bilar. Så kjem alt av bruktbilsal. Det er ikkje lite. Det skal ein god logistikk til for å takla alt frå mottak, klargjering, kundeynskje og levering. På det mest travle no i haust har ein gått to skift, morgon og ettermiddag, for å ta unna all pågang. Bilete på topp syner f.v: Vegard Jegteberg ( dagleg leiar ), Christos Sandvik ( sal ) og Edvard Nessestrand ( Lærling ).

Sukssefaktor nr 1 er positiv vilje og det å vera fleksibel i høve til kva kundane ynskjer. Dagleg leiar, Vegard Jegteberg, rosar alle tilsette. Alle står på og fungerer godt i eit team. Ein viktig faktor er å vera tilgjengelege og møta kunden til ei kvar tid. Tilbakemeldingane er gode.
Elbilavgifta frå 1. januar 2026 har klart hatt noko å sei for den sterke auken i nybilsalet. Ein kan likvel syna til eit jevnt sal heile året. Kundegrunnlaget er lokalt i Kvinnherad, men også mange kjem frå Odda, Stord og elles i Sunnhordland for å handla bil i Herøysundet. Ein slepp turen til Bergen eller Haugesund for å få utført ei teneste.

På klargjering møter vi Danyl Kravchenko. Han kjem frå Ukraina og fast tilsett. Lærling er Edvard Nessestrand. Han skal bli bilseljar. Det lovar godt og innan kort tid er fagprøven unnagjort. Då er han klar for det meste.
Rødsten var tidleg ute med elbilar, noko som gjer at verksemda har god erfaring. Dei har lagt bak seg mykje av det som framleis er nytt for andre forhandlarar. Bilmerka til Rødsten er KIA, FIAT og SUBARU.
S. Rødsten Bilforretning støttar drifta av uskedalen.no ved å vera sponsor.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal