Sjå video frå då Børsdalsnissen henta postkassen sin.

Børsdalsnissen har det travelt i romjula med å lesa julehelsingar og sjå på teikningar og julekort laga av alle borna. På veg frå Rosendal var Børsdalsnissen oppom Skårhaug i kveld og henta Nissekassen. Han tok kassen med heim, inst inne i Børsdalen. Så lang vi kjenner til var det 40 brev og helsingar i kassen. Det er meir enn i fjor. Helsingane kjem frå klassar på skulen, men også frå mange familar som har lagt turen over Skårhaug med helsing

Børsdalsnissen hentar Nissekassen i det fine vinterveret i kveld.

Uskedalen.no var så heldige at dei tilfeldigvis var på Skårhaugtoppen då Børsdalsnissen dukka opp. Det resulterte i denne videosnutten som de kan sjå her:

Det er mange juleynskje. Les her – eit lite utdrag:

  • Lego, leiker, bamse, dokkehus, byggesett, tromme og bøker
  • TV, sofa,
  • Vottar, pysjamas
  • Play Staion 4, Iphone 15, Key bord og slushmaskin
  • Krosssykkel
  • Hest med utstyr, hund og kattunge
  • Smykke
  • Høgtalar, ringeklokke
  • Snop

Nokre har ynskje om å styra tida si sjølv. Aldersgruppa på dei som skriv, er frå 2 år til ferdig 5. klasse.

Takk til alle som engasjerte seg og var med på ein trivleg aktivitet før jul og i romjula. Sjå fram til neste jul med lystenning, lysmarsj og Nissekassen.

Tekst: Nissen
Foto: Thor Inge Døssland