I enden på skogsvegen på Døssland/Feet er det laga fundament for gapahuk. Det er Dugnadsgruppa som gjer jobben slik dei har gjort det før både på Klepp og på Flåtene. Gunnflata vert 4 X 5 meter. Gapahuken, bygd tilsvarande dei andre, er venta å vera ferdig i 2026. Plassen er eit utsiktspunkt med bord og benker. Det store julestjerna er nett no montert på eine stolpen. På Skårhaug er det ein lavvo, eit tretelt, bygd for 15 år sidan. Ved Fjellandsbøvatn finn vi ein større gapahuk, i privat eige, men til bruk for ålmugen.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal