Ledig plass på Nyttårsdansen i Helgheim.
Tradisjonen med nyttårsdans i Helgheim held fram. Dansebandet TRINITY spelar god og variert dansemusikk. Helgheim er ungdomshuset i Uskedalen i Kvinnherad. Rett ved huset er det ein stor parkeringsplass der det er plass til bubilar, dersom nokon vil koma med bubil. Rabben camping ligg også i gangavstand. Dette er ein fest der dans og nye vennskap står i fokus. Påmeldinga er godt i gang. Dørene opnar kl. 19.30 og musikken startar like etterpå.
Det vert kaffi og kaker litt utpå kvelden, med eit lite lotteri. 20 kroner pr. lodd. Drikke tek ein med sjølve.
For påmelding vipps 350 kr. per. person til 93855077. (Ragna Volden). Send evt melding til samme nummer. Her er det kun førehandspåmelding. Førstemann til mølla gjeld. Maks tal er 50 personar. Då vil alle få god danseplass.
Tekst: Redigert frå TRINITY - facebook Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal