Uskedal Historielag minner om at Utvandrarboka Med von om ei betre framtid og årbok 2 og 3 i serien Den nære fortida er å få kjøpt på SPAR Uskedalen og bokhandlane på Husnes og i Rosendal.

I utvandrarboka finn du over 500 namn, personar som braut opp frå Uskedalen og reiste til Amerika i perioden 1849 – 1966. Det er utvandring frå alle gardsbruka i bygda. Difor er det viktig at boka er å finna på alle tun og i heimane elles.

Utvandrarboka må vera den perfekte julegåva i år.

De kan og kjøpa bøkene ved å kontakta ein i skriftstyret (93 28 82 37) Utvandrarboka “Med von om ei betre framtid”, 450,-kr. (Medl. 1 bok til 350 ved å kontakta skriftstyret) Lokalhistorie “Den nære fortida”, 300,-kr.

Historielaget ynskjer alle ei god jul med lokalhistoriske bøker frå Uskedalen.

Tekst/foto: Uskedal Historielag
Nett: Kristian Bringedal