Nasjonale og lokale julehefte. Det mest lokale kjem frå Husnes.
Kvart år i jula ligg det ei gild julehelsing i postboksen i Beinavikjo. Avsendar er Jorunn og Roald Toskedal frå Seniorsenteret på Husnes, tidlegare Pileteigen på Lyngstrand. Jolehefte 2025 med målgruppe slekt, vener og kjenningar har eit opplag på 50 eks. og er truleg det mest lokale jolehefte vi kjenner til. På heile 28 sider finn vi joleforteljingar, vitsar, eventyr, lokale joleminne, segner, konkurransar, dikt og mange flotte illustrasjonar. Olaf Agnar Gausvik og Aslaug Eik har med tekstar i hefte.

Dei fyrste norske julehefta kom ut i Drammen i 1817. Mange år seinare, 1845, kom det fyrste jolehefte for born med tittelen Julegave for barnlige sind. Gullalderen for jolehefta var i tida etter 1900 talet. Mest kjend er Jul i
Norge og det nynorske hefte Joletre. I åra før og etter krigen kom dei fyrste reine teikneseriejolehefta, Knoll og Tott, Smørbukk og Vangsgutane. Av regionale jolehefte må vi ta med: Jol i Sogn og Jol i Hallingdal. Hardangerjol la ned drifta for nokre år sidan. Kyrkja i Sunnhordland prosti kjem framleis med Fra fjord og fære.

Herborg Kråkevik har sidan 2015 skapt ein ny trend med sine hefte Juleroser, både for born og for vaksne. Opplaget er på 100 000 eks. Pondus er det julehefte som sel mest med heile 170 000 eks. Med dette som bakgrunn er det artig å ta med at Joriunn og Roald Toskedal sitt Jolehefte har eit opplag på 50 eks.
Kva julehefte les du ? Send oss nokre ord.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal